Endelig! Rusletur! Sud-Sem i Heddal 9. juni!

Etter alle koronakanselleringene blir det anledning til å møtes igjen! Turgruppa i Seniorlæring i Midt-Telemark slår til med en tur 9. juni. Her er turgruppeleder Halvor Gåras presentasjon av turen:

TUR TIL SUD-SEM I HEDDAL

Tysdag 9. juni vil kulturhistorisk ruslegruppe endeleg dette året invitere til ein tur til garden Sud-Sem i Heddal. Her vil Halvor Sem ta i mot oss og fortelje om garden som skal vera rydda på 900- talet. Eit freda mellomalderbur på tunet er nok det gjevaste han har å vise fram. Garden ligg sørvendt til med utsikt mot flyplassen og Heddalsvatnet. Etter omvisninga på garden, vil Halvor ta oss med til skogs der han fortel levande om om ulike tresortar som har blitt planta her. Både som skogbrukar og informasjonskonsulent i Telemark landbruksselskap (har vore), har han heile livet vore ein skogens mann og brenn for å formidle denne kunnskapen til andre. Han vil også servere bålkaffe, så ta med kopp og niste.

Frammøte ved Frivilligsentralen i Bø kl. 10.30. Samkjøring etter gjeldande reglar.

Vel møtt!