Da kan vi invitere til årets fyrste arrangement, foredrag i Gullbring måndag 27. januar kl 11.
Foredraget «… i verdas rikaste land!» har undertittel: Om den norske velferdsstaten: Bakgrunn, kjenneteikn og utfordringar.
Nils-Petter Karlsson (f. 1955) er utdanna sosionom med tilleggsfag innan jus og offentleg administrasjon. Vidare har han ein internasjonal mastergrad i europeisk sosialpolitikk frå University of North London.
Storparten av yrkeslivet har han arbeidd med velferdsstaten, både direkte gjennom kommunale og statlege tenester, på internasjonalt nivå med nordisk regjeringssamarbeid, og seinast undervisning og utviklingsarbeid på universitetsnivå.
Medlem eller ikkje, alle er hjarteleg velkomne!
Billett i døra, pris: Kr 150,- for medlem, kr. 250,- for ikkje-medlem, prisen inkluderer enkel lunsj.