Julemøte med mykje attåt

Midt-Telemark Seniorlærings julemøte på Bø Hotell 16.12.19

På tradisjonelt vis var det også dette året invitera til julemøte på Bø Hotell.

Programmet starta i konferansesalen med visediktaren og musikaren Jon Solberg. Truleg kjent for dei fleste som leiar i bandet «Ni Liv».

Jon har slekta si frå Osterøy ved Bergen, altså etterkomar av ein stril. Vidare har han henta genetisk materiale frå Kviteseid, Fyresdal, Heddal og Lisleherad.

Her vart vi nærare kjent med diktaren, komponisten og utøvaren Jon. Med nokre få unnatak, mellom anna ein song faren hadde dikta for mange år sidan, så var alt eigenprodusert. Både tekst og tone, men teksta hadde vore til kvalitetskontroll hjå far, og hadde altså ein «professoral godkjenning». Det vart ein god time til ettertanke i førjulstida. Tekstene til Jon har alle tankar henta frå det daglege livet, men med ei meining og ein bodskap som til dels er til alvorleg ettertanke. Dei blir framført på ein måte som gjer at ein får innhaldet med seg, og til ein tone i harmoni med teksta. Me gjekk alle rikare frå denne konserten! Mangfaldige takk skal Jon ha!

Etter at vår leiar, Per Harald, hadde fått ei enkel, fortent merksemd, var det klart for hotellets julebuffé. Heller ikkje i år gjorde den skam på våre skyhøge forventningar. For å kome i rette stemning, starta Per Harald og Torgeir Hefre med «Mitt hjerte alltid vanker», referenten si kjæraste julesalme! Maten smaka og praten glei lett rundt alle bord.

Referenten måtte så gå til andre presserande oppgåver, men veit at bordsetet vart gjennomført med tradisjonell song, no med Torgeir Hefre som eminent pianist, og lotteri med åresalg, profesjonelt styrt som berre Aslak Gunnheim kan det!

Alle var samde om at det hadde vore eit gildt julemøte, og ynskte kvarandre ei god julehøgtid!

                                                                                                             Referent: Halvor Langåsdalen

Forventingar i salen før konserten med Jon Solberg. Dei vart innfridde!
Jon er ein kar som bokstaveleg spelar på mange strenger – også hjartestrenger
Ein nøgd Jon studerer med nøgd kjennarmine kartongen med «Château Sauar», som han fekk i gåve for song og spel av høg klasse.
Nestleiar i Midt-Telemark seniorlæring, Halvor Langåsdalen, introduserte fyrst kunstnaren, og overrekte  til slutt gåva.