Historien om femmila

Ved Thor Gotaas

Referat frå medlemsmøte 25.11.19 i Midt-Telemark seniorlæring

Thor Gotaas er folklorist og forfattar. Han er cand.philol med hovudoppgåve: «Holdninger til tatere sett i historisk perspektiv». Han har skrive over 30 kulturhistoriske bøker med folkloristisk vinkling. Nokre er oversett til 15 språk! Døme på bøker er: «Tatere i norsk foketradisjon», «Først i løypa. Historien om langrenn i Norge», «Løping. En verdenshistorie», «Før og etter Wirkola. Norsk hoppsport fra 1940 til 1990», og endeleg dagens tema: «Femmila. Skisportens manndomsprøve». Siste bok er «Norske utedoer»!

Gotaas er ei «verbal mitraljøse», så å referere hans foredrag er det same som å prøve å anvise skota frå eit slikt snøggskytande våpen: umogeleg! Eg skal berre nemne nokre høgdepunkt, og så kan lesaren angre på at han/ho ikkje var til stades. For dette var både moro og interessant!

Fyrste femmil vart arrangert i Kristiania 7. februar 1888, klokka 08.00, nær Majorstua stasjon, som den gongen var jomfrueleg natur. Før rennet var det fleire som røykte ei pipe for å «opne lungene»! Fyrst ut gjekk telemarkingen (morgedølen) Aasmund Brekke. Han kom i mål som nummer 9. Vinnar var Torjus Hemmestveit, frå same bygda, på tida 4 timar, 26 minuttar og 30 sekundar!

Den andre femmila gjekk i 1902, med start frå Frognersetra. I den var det innlagt tvungen pause på 5 minuttar midtvegs! Da måtte alle ete ei brødskive og drikke mjølk. I mål tok dei pulsen på løparane, 5 minuttar etter at dei kom i mål. Lågaste pulsen hadde vinnaren, med 83 slag i minuttet! Han var frå Oslo (den gong Kristiania) og han var den einaste byguten som vann femmila på 113 år!

Femmila var, frå 1914 til 1950, ein runde på fem mil. Da var det ingen som braut, for ein måtte gå attende uansett! I 1951 var det så mykje snø at dei rokk ikkje brøyte heile løypa. Då måtte ein gå to rundar!

Alle hugsar vel at Gjermund Eggen vann femmila i 1966. Da var fjernsyne kome, og reportasjen med Jarle Høyseter er legendarisk. Gjermund Eggen ville eigentleg ikkje gå femmila denne dagen. Han var sliten etter at han hadde vunne 15-kilometeren og stafetten allereie! Men han måtte gå, og resultatet kjenner me!

Som nemnt var det gutar frå landsbygda som var dei sterkaste og seigaste. Dei var gjerne tømmerhoggarar, som låg vinteren gjennom på skogen i ei lite tømmerkoie, som neppe hadde vore god nok for grisen i dag! Derfrå gjekk ein trysling til Rena, tok toget til Oslo, vann femmila, og fekk pokalen av Kong Håkon i rokokkosalen på Grand. Og så returnerte han til Trysil! Ein fosterson budde saman med han i 14 år, mellom anna to vintrar i ei tømmerkoie, men hadde aldri ført ei samtale med han. Tryslingane var fåmælte.

Ein kar frå Orkanger, som levde på snus, sprit og kvinnfolk, i nemnte rekkefylgje, presterte å «ha seg» i løpet av eit renn i 1947. Han hadde avtalt å møte ei jente på matstasjonen. Det blei godt resultat både i løpet og elles – og farskapssak. I retten vart jenta spurt om ho hugsa namnet på barnefaren. Ho svara: «Nei, men eg hugsar startnummeret!»

Brørne Østby fann opp både klister og anna skivoks og ski. Peter Østbye overtok  etter kvart fabrikken, og utvikla splittkein-skiene, som vart ein stor suksess. Han vart dømd for landssvik etter krigen, noko som medverka til at bedrifta mista patenter, og nærmast gjekk inn. Ein annan pioner, oppfinnaren Bror With, konstruerte rottefellabindingen, men det var visst daverande kronprins Olav som ga den nemnet den framleis har!

Sverige «fann opp» stafetten, som Noreg var i mot. Likevel stilte vi sterke lag. På denne tida var det vanleg at også yngre folk hadde kunstige tennar. Eitt av lag ga alltid gebissa til lagleiaren før start, og da dei kom til mål, fekk dei tennene att! «Detta er feil gebiss,» var det ein som sa, «je kjenner det på snus-smaken!».

Gjermund Eggen var i sin ungdom på skirenn i Trysil. Da var det ein kar som spydde ut gebisset sitt etter han kom i mål, vaska det i snøen, og putta det inn att! «Det glømmer je aldri!» sa Gjermund!

Gotaas konkluderte elles med at for å bli folkehelt i Noreg må du vera alminneleg, gjera noko ualminneleg, og prate dialekt!

Ref. Halvor Langåsdalen

Thor Gotaas – ein dynamisk og engasjert foredragshaldar – utan manuskript!