Verdensteater – kartenes historie

Tomas Reinertsen Berg: Verdensteater – kartenes historie

Referat frå medlemsmøte i Midt-Telemark Seniorlæring 28.10.19.

Thomas Reinertsen Berg er journalist og skribent med bakgrunn frå mellom andre Morgenbladet, Klassekampen og Dagsavisen. Han overtok dagens foredrag for kona si, Maria Berg Reinertsen, på svært kort varsel. Ho hadde vorte forhindra frå å kome.

Thomas Reinertsen Berg med eit verdskart – eitt av mange han synte kon.

Reinertsen Berg har gjeve ut berre ei bok og det er «Verdensteater – kartenes historie», men for denne fekk han til gjengjeld Brageprisen innan saklitteratur! Det er inga overdriving å seie at han er spesielt interessert i kart, helst gamle. Som den entusiasten han er, med enorm kunnskap (og minne!), gav han oss ein spennande gjennomgang av historia om kart. Ingen kom frå møtet med han utan å ha lært noko nytt!

Det er ei utfordring som ein alltid har stridd med når det gjeld å teikna kart, og det er at jorda «de facto» er rund. Å teikna overflata på ei kule på eit flatt ark er ikkje enkelt! Framleis lir alle kart under den generelle feilen at meridianane, lengdegradane, vert teikna parallelle. Og det er jo fundamentalt feil. Dei møtes i røynda i to punkter, polane.

Berg starta, som rimeleg er, med å fortelje om dei eldste utgåvene av det som kan kallast kart som til no er funne. Helleristingar i Nord-Italia viser sola og ein firkant som skal vera jorda. Da fekk ein fortalt at sola var utanom jorda, men heller ikkje meir. Seinare helleristningar synte i tillegg ein stige ned til underverda! Det er òg funne seinare helleristningar i Nord-Italia som syner oversikt over eigedommar, men ikkje i eit format som syner sanne størrelsar og avstandar. Men etter kvart vart skriftlege forklaringar lagt til, når ein hadde fått eit skriftspråk som ein kunne nytte. Seinare fann ein opp den geometriske metoden med triangulering for måling av avstandar.

Det ein kunne teikne kart over, var sjølvsagt avgrensa til den delen av kloden ein kjente til. Det fyrste verdskartet hadde, naturleg nok for den tida, Babylon i midten! Seinare var Jerusalem, Jesu fødestad, midtpunktet i verdskartet.

Alt på tida da grekaren Pytagoras levde, visste ein at jorda var rund, men å få det ned på eit flatt ark, er som nemnt ikkje lett!

Matematikaren og astronomen Ptolemeios i Alexandria laga i år 150 eit verk i form av eit kart der han teikna inn dei dei fleste kjente stadane i verden på 8 papyrusrullar som han kalla «Geografike hyphegesis» – vegleiing i geografi.

Det aller fyrste «kartet» ein kjenner til er frå slutten av 600-talet. Det er ikkje det vi i dag opplever som eit kart, men ei teikning. Der tronar Kristus over det heile, med utstrekte hender. Under finn me «Sem», som er Asia, «Ham» som er Afrika og «Jafet» som er Europa. Altså var det til desse områda dei tre sønene til Noa tok vegen. Ham fylgde elles Syndfloda! Sør for Afrika var det teikna eit land som var kalla «Terra inhabitabilis», der ingen kunne bu!

Dei fyrste karta var ikkje kart men, sidan ein ikkje hadde skriftspråk, forsøk på framstilling av korleis ein meinte «verda» såg ut, og da underlagt den rådande religiøse trua. Det var liten eller ingen samanheng med den faktiske geografien og avgrensa til den del av jorda som da var kjent av «verda» rundt Middelhavet. Såleis hadde dei fyrste karta med Edens hage, om enn gjerdt inn og vakta av englar med eldsverd. Seinare vart hagen plassera utanom «verda», sidan ingen kunne fortelje å ha funne han!

Karta var elles teikna meir på grunnlag av det ein skulle bruke dei til, frå opplæring i rett tru til krigføring eller handel. Romerane hadde god grunn til å fortelje kor langt Romarriket nådde, men synte liten interesse for det som låg utanfor.

Carta Marina, laga av erkebiskop Olaus Magnus i 1540. Bilde: Wikipedia.

Den svenske erkebiskopen Olaus Magnus reiste rundt i Norden og selde avlatsbrev, og på grunnlag av dei observasjonar og opplysningar han dermed fekk, teikna han kart.

Den fyrste runde globusen finn ein frå 1592, og kartet ein laga var eit forsøk på brette den ut. Ut frå den meinte ein at ein burde kunne kome austover ved å segle mot vest! Som kjent tok det lang tid og fleire oppdagingsreiser før ein fullt ut skjøna samanhengane.

Dei sjøfarande hadde bruk for kart å navigere etter, men ikkje var dei sanne alltid, og innlandet interessera ikkje! Nederlandske kart syner i detalj kysten av Sør- og Vest-Noreg, men t.d. Telemark er ein kvit flekk!

Astronomiske observasjonar vart tidleg gjorde og etter kvart nytta for å få teikna korrekte avstandar (men her fall referenten av lasset!).

Lengdegrader, eller meridianar, var tidleg nytta, men plasseringa av 0-meridianen var ikkje eintydig. Med England som dominerande i verda i ein lang periode, var det ikkje rart at den vart plassera Greenwich i 1884, noko franskmennene var svært ueinige i!

Og etter foredraget var det ein velsmakande lunsj med rundstykke, kaffi og hyggjeleg prat. Og boksignering.

Då flya kom, og ein kunne fotografere jorda frå lufta, kunne ein lage eit lappeteppe av flyfoto som kunne nyttast til kart. I dag er bilete frå satellittar, best kjent via Google Maps og Google Earth, dominerande. Google har ikkje berre laga kart som grunnlag for GPS-navigasjon, men har teke bilete av dei fleste adressene på jorda

Boka til Reinertsen Berg, Verdensteater – kartenes historie, inneheld ikkje berre karta sin historie, men er ein tur med kart gjennom historia!

Referent: Halvor Langåsdalen