Kulturhistorisk rusletur i Flåbygd 8. september!

I koronaens tid er det viktigare enn nokon gong med sosiale møter! Når det ikkje kan haldast medlemsmøte, må vi ut i friluft og møtast der!

8. september er den kulturhistoriske rusleturen lagt til vakre Flåbygd i Nome, oppstrøms kanalen frå Lunde. Erik Sundbø, som har budd i Flåbygd all sin dag, vil vere guide. Han har ein imponerande lokalkunnskap, og kan fortelje om gardsbruk, landskap, trafikk frå gamalt av, og mykje anna.

Flåbygd er eit kulturlandskapsvernområde. Du kan lese meir om dette her, sjølv om stoffet er noko gamalt: Kulturlandskapsprosjekt Flåbygd.

Som vanleg er det oppmøte ved Frivilligsentralen i Bø klokka 10.30, og samkøyring vidare til startpunktet på bygdetunet i Lunde. Dette ligg ved sidan av Idrettsparken (Kåsa). Eller ein kan møte direkte på bygdetunet. Herifrå køyrer me saman rundt Flåbygd klokka 11, med stopp undervegs.

Ta med egen mat og drikke. Koronasituasjonen tillèt ikkje felles matservering. For at det ikkje skal bli alt for mange bilar, er det fint med samkøyring, men dette må deltakarane ta initiativ til og ansvar for sjølve.

Turleiar er Borghild Hardang Hanto, som er nestleiar i turgruppa.