Referat frå kulturhistorisk rusletur i Landsmarka

Tysdag 11. november 2025, referat ved Kristian Hanto.

Emnet denne tysdagen var oldtidsfunn, leiglendingssamfunn, Hans Nielsen Hauge sine besøk i Landsmarka, og bakgrunnen for bygginga av Landsmarka kapell.

Kristian Hanto orienterte fyrst om oldtidsfunn i denne dalen som er ein av få sønnafjells der vatnet renn nordover. Så fortalde han om bakgrunnen for at alle bruka i ein periode gjekk over frå å vera sjølveigande til å bli leiglendingsbruk. Alle så nær som eitt. 

John Peder Lia fortalde om Hans Nielsen Hauges besøk til Landsmarka og Lunde i åra før han blei fengsla. Hauges forkynning sette merke etter seg hos landsmarkingane. Dette var kanskje også noko av bakgrunnen for at dei religiøst sjølvmedvetne leiglendingane ba om å få si eiga kyrkje i Landsmarka. Dei fekk presten og godseigar Cappelen med på notene, og ein god arkitekt. Cappelen kosta det meste, men landsmarkingane måtte ta på seg vedlikehaldet. Kapellet blei sett opp i rekordfart, og kunne innvigjast i 1895. Konstruksjonen var som i stavkyrkjene, og utsmykkiinga i drakestil – populært på 1890-talet.

Den eigentlege rusleturen kom til etter samlinga i Landsmarka kapell, spontant og etter initiativ frå frammøtte, og gjekk i ei sløyfe av Fløtarstigen frå Dorholt, ned langs Skoeelva og oppatt.

Rundt 30 deltok.
Alle foto: Anne Lindgren.