Seksualiteten har ingen øvre aldersgrense! Myte eller fakta?

Sexolog Beate Alstad på medlemsmøte 25.04.22

Beate Alstad er tilsett ved Sykehuset Telemark HF, og underviser både faggrupper og pasientar i klinikken, vegleiar andre behandlarar, held foredrag, og skriv artiklar innan fagfeltet. Ho fekk Formidlingsprisen i 2020 og hadde i nokre år eigen Kvardagsliv-spalte annan kvar laurdag i TA. Alstad er godkjent som sexolog både i Norge (NFKS) og Norden (NACS), og kan dermed også arbeide internasjonalt innan faget.

La meg starte med ei lita åtvaring: her vert det prat med ord og emne som ikkje er vanleg i møte i pensjonistlaget!

Ho starta med å fortelje at seksualiteten startar alt i fosterlivet, den er aktiv i spebarnstida og det er viktig at vi aksepterer at gutebarn får reising og jentebarn kosar seg med å gni seg i underlivet. Dette er normalt sjølv om det før og i mange miljø vart rekna som tabu og måtte hemmast!

Seksualitet er ikkje berre samleie. Det finst mange andre former for intimitet i tillegg.

Under corona-pandemien, da all kroppskontakt var frårådd, oppstod eit nytt omgrep: hudsult! Mange sakna nokon å klemme, med og utan seksuelle undertonar.

Seksuell lyst avheng av mange ulike faktorar som kjønn, menn har generelt meir lyst enn kvinner. Jamt over minkar lysta noko med alder, men blir ikkje borte fordi ein vert eldre. Lysta sit i hovudet, ikkje mellom beina! Somatisk sjukdom, hormonelle forstyrrelsar og biverknader av medisinar kan redusere lysta. Da er det viktig at lege og andre behandlarar hugsar at sex og helse er like viktig som fysisk og psykisk helse! Lyst er også avhengig av kommunikasjon, korleis ein elles har det i forholdet og til og med arbeidsfordelinga i heimen! Å ta oppvasken, karar, kan vera meir lystfremjande hjå partnaren enn å klype i baken!

Seksuelt behov og evne held fram i høg alder og kan ofte nytast meir enn i ung alder med arbeid, stress og barneomsorg! Sjølv om kroppen endrar seg med alderen, så er underlivet klart for seksuell aktivitet, om enn med litt praktisk hjelp mot litt treigare blodsirkulasjon og tørre slimhinner! Kvinnas klitoris har dobbelt så mange nerveceller som mannens penis, den er også langt større enn vi trur, men vert ofte gløymt! Klitoris synes elles berre å vera til for nyting!

Eit godt sexliv med alderen er avhengig av positiv haldning til eigen seksualitet. Det å være oppteken av at sex er viktig for parforholdet og for den fysiske og psykiske helsa. Kjenslemessig nærleik til partnar aukar sannsynlegheten for eit godt seksliv og vise versa. Mange eldre onanerer og har ganske ofte samleie. Onani er sunt både for kropp og sjel og stimulerer immunforsvaret!

Ei spørjeundersøking utført av Almås og Benestad synte at halvparten av dei rundt 70 år er seksuelt aktive, og 60 % hadde seksuelle interesser.

I aldersgruppa 85-94 år svarte 20 % at dei var seksuelt aktive, medan 50 % har seksuell interesse. At aktiviteten hjå kvinner var noko lågare enn for menn, kan til dels forklarast ut frå mangel på partner, ettersom kvinner lever lengre enn menn.

65 prosent av mennene og 40 prosent av kvinnene i aldersgruppa 60 til 75 seier at dei har tilfredsstilt seg sjølv den siste månaden.

Så kom ho inn på at mangfaldet i underlivet er stort, både hjå kvinner og menn, og det er like greitt! Ho viste bilete som dokumenterte dette, og som kanskje for fleire av oss var både overraskande og litt framandt! Men i det kunne også ligge mykje trøyst! Det er ikkje størrelsen og utsjånaden det kjem an på, det er bruken og funksjonen! Og så at ein brukar den tid som trengs! Statistisk sett varar eit samleie i gjennomsnitt 3 minuttar! Ikkje i timevis som i pornoen! Men kosen kan vare mykje lenger!

Kva sex betyr for oss i alle aldrar oppsummerte ho slik:

Sex gjer deg lykkelegare, senker blodtrykket, forbrenner kaloriar, styrker immunforsvaret og held deg ung! Sex reduserer stress, forsinkar aldringa og gjev betre nattesøvn.

Da er det vel ikkje noko å lure på?

                                                                                              Halvor Langåsdalen

                                                                                              Referent