Referat frå medlemsmøte i Seniorlæring i Midt-Telemark.
Måndag 28.02. hadde Seniorlæring i Midt-Telemark møte i Gullbring i Bø. Foredragshaldar var forfattar og journalist Thomas Reinertsen Berg. Han har tidlegare vore hos oss med eit foredrag om «Kartenes historie». Denne gongen tok han for seg krydderet sin mangslungne historie. I fjor ga han ut boka «Til verdens ende: Krydderets verdenshistorie». Reinertsen Berg har hausta mange godord for boka si. I løpet av den snaue timen foredraget varte, ga han oss eit innblikk i at jakta på krydder var motivasjonen for dei mange oppdagingsreisene til mellom anna Columbus, Vasco da Gama og Magellan. Det var viktig for fleire europeiske statar å kome seg raskt til land som Sri Lanka og India for å hente med seg krydder som ingefær, kanel, kardemomme, muskat og peppar. Allereie i Romarriket var peppar svært populært, dei brukte peppar mellom anna på fleire slag kaker. Det var mogleg for romarane å kome seg til India via Egypt. Nellikspikar i appelsinar blei bruka for å rense lufta for pest, og nellik var og bruka som ein motgift dersom nokon var forgifta. I jødedommen blei det ofra mellom anna kanel til guddomen.
Krydder blei tidleg eit statusobjekt og spesielt Spania og Portugal investerte mykje i krydderhandelen. Vasco da Gama runda Afrika på si ferd til det sørlege India. Han kom heim med ekte krydder, men Columbus si ferd til dei karibiske øyene blei sett på som mislykka da han kom heim og ikkje hadde med seg den lasta som var forventa. No skal det seiast at han faktisk hadde med seg chili frå ekspedisjonane sine til Karibia.
Magellan gjorde det som Columbus ikkje klarte – han fann sjøvegen vestover og kom seg «gjennom» sørspissen av Sør-Amerika og inn i Stillehavet. Men turen kosta – berre 18 av eit mannskap på 280 overlevde.
Spania og Portugal konkurrerte om krydderhandelen, men etter kvart skulle òg andre europeiske land melde seg på. Det rakk ikkje Reinertssen Berg å fortelje så mykje om på den timen han hadde til rådvelde.
Referent: Sigmunn Ytterbøe