Brynesteinsbryting – Noregs eldste og lengst varande eksportindustri

Referat frå medlemsmøte. 24.09.18.

Museumsdirektør Dag Rorgemoen:

Dag Rorgemoen

Dag Rorgemoen innleidde foredraget sitt med å lese frå Edvard Hoem si bok: «Slåttekar i himmelen». Det var om ljå, sliping, bryne og slått på Nesje. Ikkje minst om kor viktig eit godt bryne, og rett bruk av det, var.

Fyrste gongen Eidsborgbryne vert omtala er i E. M. Resen Mandt sin «Historisk beskrivelse over øvre Tellemark» frå 1777. Brynestein frå Eidsborg var den fyrste norske eksportartikkelen!

Brynestein er skifer av kvartsitt som når den vert dregen mot stål/jarn dannar slipemjøl. Det finst mange variantar av denne kvartsitten, ut frå kor hard den er. I praksis skil ein mellom «blautstein» og «hardstein». Kva som er beste brynet, blaut eller hardt, kjem mykje av kva slag stål ein skal bryne.

Brynesteinen vart driven ut med is-sprenging og seinare svartkrut. Dynamitt kunne ikkje nyttast, den smellen vart for kvass!

På det meste vart det produsert, sprengt ut, sortert og forma, opp til 2 000 brynesteinar på ein dag i Eidsborg. Det er fleire brynesteinsbrot som ligg på rekke mellom Eidsborg og mot Lårdal. I motsetnad til anna bergverksdrift som i stor grad nytta tysk fagspråk, var fagspråket i brynesteinsdrifta norsk. Til dømes var ordet for «ureint berg»: Jætlar!

Brynesteinen vart transportera med hest, som kløv eller med slede, til næraste brygge som var ved Bandak. Brygga heiter ikkje Dalen brygge, men Lastein brygge. Lastein = la av stein!

Så med båt og etter kvart hest til Skien og kysten. Gråten i Skien kjem av «stein» = «grjot»! Brynesteinen vart eksportera som bryne, men også som ballast i båtar, ballast som så kunne omsetjast!

Omsetjinga var uorganisert og fungera dårleg, så i 1779, 20. dag jol, samla bøndene i Eidsborg seg til det fyrste årlege «steinting» der dei avtala kvoter og prisar.

Lensmann Petter Mandt organiserte handelen i Vest-Telemark og handla etter kvart mest med ein Plesner i Kragerø. Han starta ein fabrikk som laga spesialbryne. Det kunne vera «dobbeltbryne» som franskmennene ville ha, bajonettbryne eller raude hvalfangarbryne. Desse siste var varmebehandla og vart gjennom det raude.

Fabrikken til Plesner vart flytt til Porsgrunn, og der etter kvart etablert som Norrøna fabrikker. Den eksisterte heilt opp til vår tid.

Eidsborgbryna var dominerande i Europa, spesielt i Danmark og England. At dei vart nytta som «våpen» i slaget ved Fimreite var vel nær på ein tilfeldighet. På det meste vart 1 million bryner eksportera ut frå Norrøna fabrikker!

Brynesteinen frå Eidsborg av viktig av fleire årsakar:

  • Han batt Telemark saman og var med på å utvikla Skiensvassdraget som transportåre
  • Han var særs viktig for utviklinga av Skien som by, ein av dei få byane som ikkje var «utpeika» av Kongen.
  • Han var viktig for handel og kommunikasjon med verda der ute.
    Tollstasjonar gav inntekt til lokalsamfunna langs vassdraget

På Baffin Island / Labrador viste Helge Ingstad, ved å finne eit norsk spinnehjul, at her hadde nordmenn oppdaga Amerika før Columbus! I det aller siste har det, ved hjelp av georadar, vorte påvist brynestein, nokså sikkert frå Eidsborg, på to skilde lokalisasjonar der!
Kanskje det sogar var Eidsborgbryner som stoppa mongolarane?

Halvor Langåsdalen