Referat frå medlemsmøte 28.01.19.
På under 24 timars varsel overtok Ove Eriksen ansvaret for programmet denne dagen, etter at Kjell Midtgaard måtte melde avbod. Sporty gjort!
Eriksen er nok best kjent som journalist 30 år, i NRK Telemark og som skøytereporter i NRK Sporten. Han har utdanning innan kriminologi, psykologi og pedagogikk. Alt dette hadde han nok nytte av då han gjekk laus på historia om ein myteomspunnen meistertjuv som Murukleiven.
Eriksen har søkt i tilgjengelege offentlege kjelder i så vel Noreg som Sverige, og såleis er alt det han skriv i boka om Murukleiven vel dokumentert, sjølv om boka er skriven i romanform. Ein spanande kriminalroman er det blitt, vanskeleg å legge frå seg før den er ferdig lest!
Murukleiven levde i dei for Noreg vanskelege tidene på starten av 1800-talet. Danskekongen hadde alliert seg med Napoleon, og ført oss i krig med Sverige. I tillegg var det uår, og England blokkera hamnene frå svenskegrensa til Finnmark.
«Den fattige sultet, den rike led savn», som Ibsen skreiv i diktet «Terje Vigen»! Forskjellen på fattig og rik var enorm. Landet var styrt av danske embetsmenn, og eigd av desse og av norske storbønder. Dette var «bakteppet» i livet til Murukleiven!
I 1908 vart skjelettet av ein vaksen, ung mann funne ved utgraving ved stavkyrkja i Heddal. Det låg halvveges utanfor kyrkjegardsmuren, og hadde eit stort hol i kraniet. Det var truleg at dette synte årsaka til mannens død. At han berre halvveges fekk kvile i vigd jord, var det nok også ein grunn til. Kyrkjeboka i Heddal omtaler eit dødsfall i oktober 1814, der den døde vert nemnt som «drept». Den drepne var Tov Johannesson Murukleiv, på folkemunne etter kvart berre nemnt som «Murukleiven».
I boka tek Ove Eriksen føre seg livet til Murukleiven, frå 18. januar 1808 til han vert drepen onsdag 5. oktober 1814. Fleire rettssaker følgde etter dette. Ikkje noko tyder på at Murukleiven hadde vore nokon forbrytar av noko slag før han, saman med to andre, gjorde innbrot på dei tre heddalsgardane Grene, Jamtveit og Tubås denne januardagen i 1808. Dei hadde då alle tre verva seg som soldatar, Murukleiven til Det Søndenfjeldske infanteriregiment. Å verve seg var ein av dei få måtane fattigfolk kunne skaffe seg inntekt på. Å kjempe med livet som innsats for det herskande rikfolket og kongen i Danmark for ei luseløn.
Som musketer fekk han sin elddåp i nærkamp med svenskar ved Prestebakke. Me kan knappast forstå kor fælt det var! Tri veker etter slaget rømde han au – han desertera! No var han både tjuv og desertør, ettersøkt over store delar av Sør-Noreg og i Sverige. Livet hans vart eit liv på rømmen! Det førte han mellom anna til Skurdalen og til Värmland, men han kom alltid attende til Heddal.
Fanga vart han, og straff fekk han, både spissrotgang og slaveri på Fredriksten festning og i arresten på lensmannsgarden Klokkarrud i Heddal. Men han rømte alltid, også etter at han vart hoggen i skuldra og skoten i beinet, det siste medan han var fanga og bunden! Til slutt vart Murukleiven drepen, i eit komplott på plassen Tørkeli. Drapet var ein rein likvidasjon, ved at skallen vart knust, truleg med gjentekne slag av ein geværkolbe!
Soga om Murukleiven er opprørande og tragisk, same kva syn ein måtte ha på forbrytelsar og straff. Han måtte bøte med livet, medan dei som drap han gjekk fri. Dei som på ulike måtar hadde hjelpt han, fekk lange fengselsstraffer.
Den som vil vite meir, må lese boka!
Både boka og foredraget til forfattaren kan tilrådast på det varmaste!
Referent: Halvor Langåsdalen