11. mai er det ny kulturhistorisk rusletur: Breskhaug, Eikjarud og Stadskleiv i Bø. Guide er Halvor Gåra. Her får vi høyre om lokalpolitikk, språkarbeid og målarkunst! Frammøte ved Bø frivilligsentral 10.30.
8. juni går rusleturen til Gruveåsen og Fensfeltet på Ulefoss. Her finn vi grunnlaget for industri og gruvedrift gjennom fleire hundreår. Jernmalm og søvitt blei brote ut her, og fra søvitten blei det utvunne «romfartsmetallet» niob. Ulefos Jernværk er fortsatt i gang, etter starten i 1657, og er med det Noregs eldste industriverksemd. Fensfeltet er ein gamal vulkan, og geologar frå heile verda kjenner til den. I dag er Fensfeltet igjen aktuelt, både for sjeldne jordartar og for den store thoriumførekomsten.
Biletet viser utsikt frå Gruveåsen. Vi ser oppover Norsjø mot Nes og Gvarv. Romnes er midt i biletet på venstre side.