Frå Hellos til Gullbring – Knut Buen om folkemusikk i Bøherad og omegn

Måndag 27. mai kl. 11 er det klart for sesongens siste foredrag i Gullbring i regi av Seniorlærig i Midt-Telemark. Da tek multikunstnaren, spelemannen, samlaren, historieforteljaren og professoren Knut Buen oss med på ei reise som startar på plassen Hellos under Oterholtfossen og som endar i Gullbring kulturanlegg. Turen sleng innom kjente som mindre kjente aktørar, felemakarar, spelemenn og komponistar, som alle har hatt stor betydning for utviklinga av folkemusikken, lokalt som på landsbasis. Reisa blir, på Knuts sitt karakteristiske vis, krydra med historiar og slåttar knytt til området og litt utanfor det og når det fell seg slik.

Billett i døra, pris: Kr 150,- for medlem, kr. 250,- for ikkje-medlem, prisen inkluderer enkel lunsj.

Les meir