Historier frå tida som NRK-journalist på Stortinget  – ved Bjørn Bø

Måndag 29. april kl. 11 i Gullbring.

Bjørn Bø var i mange år NRK-journalist og hadde Stortinget som sitt arbeidsområde. Ikkje alt som han såg og høyrde der vart sendt på fjernsyn! Foredraget for Seniorlæring i Midt-Telemark vert inga analyse av tilhøva på Stortinget, men det blir lausrivne inntrykk om folk og hendingar. Og om fjernsynsserien «Makta» kan det koma eit par ytringar.

Billett i døra, pris: Kr 150,- for medlem, kr. 250,- for ikkje-medlem, prisen inkluderer enkel lunsj.

Les meir