Høgare utdanning i Bø 50 år!

Olav Rovde og Sigrid Straand fortel om kampen – både den parlamentariske og den som føregjekk på grasrotnivå! Høveleg nok blir medlemsmøtet denne gong halde på Universitet – Bø campus – 29. november klokka 11.00.

29. mai 1970 fatta Stortinget vedtaket som kom til å bli så viktig for Bø: Telemark distriktshøgskule skulle byggjast opp i bygda. Historia om høgskulen er samla mellom to permar av historikar Olav Rovde.

Kampen om høgskulen starta hausten 1967. I utgangspunktet låg alt til rette for plassering i Skien. Der var det over fleire år bygd opp ei økonomisk-administrativ utdanning. Den sentrale komiteen for vidare utdanning ville ha høgskulane i urbane strøk, og i fylkestinget var det et stort fleirtal for plassering i Skien.

Men i kulissane var det hektisk aktivitet. Før voteringa i fylkestinget blei det skipa ei «Aksjonsnemnd for distriktshøgskular». Fleire telemarkingar var sentrale der – deriblant Bjørn Bø frå Vinje og Sigrid Straand frå Vrådal.

Olav Rovde er cand.philol. og professor emeritus i historie ved Høgskolen i Telemark. Han har tidlegare gitt ut fleire bøker om organisasjonshistorie og om norsk politisk historie.

Sigrid Straand er psykolog, og har vore aktiv i politikk og samfunnsliv gjennom mange år.