«Mannen som forandret Norge»

Referat fra Hans Nielsen Hauge-møtet 27. september

Ved Alv Magnus

ALV MAGNUS har vore leiar for Ungdom i Oppdrag frå 1986 til 2009. Han har magistergraden i religionssosiologi frå Universitetet i Oslo, der studia hans av Haugevekkinga og verknadene av denne på det norske samfunnet munna ut i ei større avhandling.

Ungdom i Oppdrag er den norske avdelinga av den internasjonale kristne evangeliserings- og misjonsrørsla Youth With A Mission, etablert i Norge i 1972. Den har sidan den gong vokse til cirka 400 medarbeidarar i Norge, og gjev oppfølging til cirka 150 misjonærar i andre land. Organisasjonen har sitt hovudsenter på Grimerud gård i Stange kommune i Innlandet fylke, der Alv Magnus og hans familie har budd i over 40 år, og der dei heile tida hatt utsikt til Mjøsa!

Magnus vart introdusert av Sigmunn Ytterbøe. Han fortalde om når Hans Nielsen Hauge kom vandrande opp gjennom «Hælja» (Helgen) til Ulefoss, og der vart møtt av ein aggressiv prest, Bremer, som til og med fika til han! Hauge svara med å foreslå at dei skulle synge salme «Vik fra meg du onde ånd»!  Me fekk ikkje vite om det vart nokon song, men at Hauge vandra vidare langs Stranna til Gvarv, eit område der rørsla hans fekk utbreidd fotfeste.

Sigmunn Ytterbøe introduserer

Magnus starta med å setje tida da Hauge levde inn det historiske perspektiv. Det hadde  vore revolusjon i Frankrike, og den danske kongen i Danmark/Norge valde Frankrike og Napoleon si side i Europa. På den måten kom Norge i krig med m.a. Sverige og England. Dette førde til blokade og stor naud i landet. Norge vart styrt som ein koloni og hadde ikkje eigne statlege institusjonar. 9/10 av folket i Norge var bønder. Det danske embetsverket, herunder også kyrkja, regjerte med hard hand. M.a. var det passtvang for reiser innanlands! Konventikkelplakaten gjorde det straffbart å halde religiøse møte utan prestens velsigning, berre prestane skulle kunne formidle Guds ord.

25 år gamal hadde Hans Nilsen Hauge ei sterk religiøs oppleving, eit kall, som kom til å styre livet hans fullstendig. Medan han gjekk og pløgde og song på «Jesus din søde forening at smage», opplevde han å møte Gud. Frå da var livet hans å reise rundt og misjonera frå stad til stad. At han gjekk å strikka, slik historia vil ha det til, trur ikkje Alv Magnus noko på. Til det hadde han det for travelt og gjekk, eller sprang, for fort!  Han skreiv og ei lang rekke bøker, til saman 37, og var i si tid Norges mest leste forfattar. No seier vel det kanskje like mykje om kva tilfang den vanlege nordmann hadde på litteratur på den tid! Fyrste boka betalte han for å få trykt, trass i at broren, som var lensmann, hadde åtvara han mot det! Hauge hadde bøkene med seg på ferda si, eller han hadde hjelp frå andre til å formidle dei. Seinare sytte han for å få i stand trykkeri, og i ein periode på 3 månader heldt han 5 trykkerier i gang med trykking av sine bøker! Medan han sat i fengsel i Trondheim i 3 månader, skreiv han ei bok på 900 sider!

Han gjekk ikkje av vegen for å arrangere ekteskap heller, og hadde ei svært praktisk haldning til dette. Trur knappast dagens kvinner synes dette var grei likestilling, men dette var ei anna tid, der arrangerte ekteskap var nokså vanleg. Hauge hjelpte til med å få i gang fleire trykkeri, som O. P. Moe i Kristiansand og Grøndahl i Christiania. Grøndahl dreiv også forlagsverksemd. Papir fekk trykkeria frå papirmøller igangsett av Hauge.

At han, kvar han kom, samla folk i små forsamlingar der han tala, ergra sjølvsagt presteskapet. Med heimel i Konventikkelplakaten fekk dei Hauge arrestert. Det skjedde til saman 11 gonger. Siste opphaldet i fengsel varte i 10 år. Forholda i fengselet var dårlege, og fengselstida tok knekken på han.

Rørande var forteljinga Magnus fortalde om Sara, tenåringsjenta som både kunne lese, skrive og synge vakkert! Ho fekk Hauge si «velsigning» til å tale i forsamlingar, fordi ho både hadde kunnskap om det ho snakka om og dessutan var ordentleg i husstell og alt arbeid!

Foredraget til Alf Magnus kom frå ein tydeleg engasjert mann som ikkje trong manuskript! Han kunne nok ha halde på langt lenger enn den timen han var tildelt. Referenten kunne nok gjerne høyrt meir om både industri- og verksemdreisinga han hjelpte til med over alt der han kom, og også meir om hans syn på, og rolle i, kvinnefrigjeringa. Det vart mest om religionsfrigjeraren Hans Nielsen Hauge. Nærare eit vekkingsmøte kjem me truleg sjeldan i Seniorlæringa i Midt-Telemark!

Referent: Halvor Langåsdalen

Det ser kanskje litt glissent ut, men det var faktisk 70 personer som overvar foredraget. Salen tar 250.