Kjærleiksdiktaren Sigrid Undset

Journalist Sigrun Slapgard

Referat frå medlemsmøte. 25.03.19. 

Snakkar ho framleis til oss, kjærleiksdiktaren Sigrid Undset? Og kva slags nedslag har forfattergjerninga hatt i vår tid?

Forfatter og biograf Sigrun Slapgard har dykka djupt i både liv og verk. I føredraget vil ho ta for seg skjønnlitterære høgdepunkt og fortelje om eit dramatisk forfattarliv. –Undset er særleg aktuell nå om dagen, meiner Slapgard.

Sigrun Slapgard

Sigrun Slapgard er forfattar og utanriksjournalist. Dikterdronningen, biografien om Sigrid Undset kom i 2007, og er omsett til fleire språk. Slapgard har også gitt ut tre romanar, den siste handler om målaren Anders C. Svarstad, Sigrid Undsets ektemann.  Slapgard er prisa både som biograf og romanforfattar, og har blant anna gitt ut biografien om Lise Lindbæk, Krigens penn (2002). Slapgard har også skapt ei rad TV-dokumentarar for NRK, og gitt ut tre reportasjebøker, den siste frå Latin-Amerika. Ho fekk Nynorsk Litteraturpris for romanen Englestien i 2014.

Midt-Telemark Seniorlæring Referat frå medlemsmøte. 25.03.19. Journalist Sigrun Slapgard: Kjærleiksdiktaren Sigrid Undset Sigrun Slapgard er vel for dei fleste mest kjent som NRK-journalisten med utanrikssaker som spesiale, og ho har mellom anna skapt ei rad TV-dokumentarar. Ho har hatt spesiell interesse for Latinamerika, og har gjeve ut tre reportasjebøker herifrå. Mest verdsett er ho nok som forfattar og biograf. Ho har gjeve ut biografien «Krigens penn» (2002), om den første og einaste kvinnelege krigskorrespondenten, Lise Lindbæk, som refererte frå den spanske borgarkrigen. Den fekk ho Melsomprisen for.

For romanen «Englestien» fekk ho Nynorsk Litteraturpris i 2014.

Hjå oss skulle ho snakke med utgangspunkt i biografien «Dikterdronningen», om Sigrid Undset sitt dramatiske forfattarliv, og ikkje minst om hennar ekteskap med målaren Anders Castus Svarstad. Ho starta med å minne om at det i Europa i dag dukkar opp tankar og strøymingar som gjer Sigrid Undset og hennar internasjonale engasjement mot nazismen ekstra aktuelt. Sigrid Undset var internasjonalt kjend i si tid, og hennar politiske engasjement var stort, men i arbeidet med biografien «Dikterdronningen» vart Sigrun Slapgard meir og meir oppteken av kva rolle målaren Anders Castus Svarstad spela i hennar liv.

Sigrid Undset

Sigrid Undset var ei evnerik og staseleg kvinne, og ho visste det sjølv! Ho visste kva ho ville, og forventa vel òg å få det som ho ville. Då ho møtte Svarstad ein nyttårseftan i Italia, vart ho straks klar på at det var han ho ville ha, og da var det ikkje noko uoverkomeleg hinder at han alt var gift og hadde tre barn! Parallellen til Kristin og Erlend i Kristin Lavransdatter er ikkje ugrunna, og Sigrun Slapgard stiller spørsmålet om Sigrid Undset kunne ha skrive romanen Kristin Lavransdatter utan å ha opplevd forholdet til Anders Svarstad. Slapgard gjeng seinare i sin roman «Maleren», om målaren Anders Svarstad djupare inn i det nokså intense kjærleiksforholdet som var mellom desse to. Det er vel utenkjeleg at ikkje den intense livsopplevinga ikkje skulle ha avgjerande innverknad på hennar skaping av Kristin og Erlend.

Både Sigrid Undset og Anders Svarstad sleit økonomisk i starten og måtte livnære seg på anna enn kunsten. Ho som sekretær og han som tak målar. Dårleg økonomi var òg kanskje ein av grunnane til at dei etter kvart glei frå kvarandre, og da Sigrid Undset konverterte til katolisismen, fekk ho ekteskapet med Anders Svarstad «annullert», eller ugyldiggjort, sidan ho som katolikk ikkje kunne gifte seg med ein fråskilt så lenge eks-kona levde!

Sigrid Undset var både sterk og overlegen. Ho var i si tid leiar av forfattarforeininga, og vart ironisk sagt å vera det fyrste mannfolket som leia forfattarforeininga! Sigrun Slapgard synes ikkje minst å vera oppteken av Anders Svarstad sin skjebne. Han ofra eit etablera ekteskap for Sigrid Undset si skuld, for seinare å bli vraka. For han sjølv var ho alltid den største kjærleiken. Han oppnådde heller aldri suksess som Sigrid Undset, men sa aldri eit vondt ord om ho! Slapgård. Bak: Et av Svarstads bilete Foredraget gav ein spennande innsikt i personen Sigrid Undset, og inspirerte i alle fall underteikna til å taka fram att «Kristin Lavransdatter», verket som ho fekk Nobels litteraturpris for! Men fyrst vil eg lesa «Sigrid Undset – Dikterdronningen»!

Referent: Halvor Langåsdalen