Rusletur ved Norsjø – med fuglekikking

Tysdag 14. mai – frammøte på Bø Frivilligsentral kl. 10.30 for samkøyring, eller på Årnes Kafeteria kl. 11.00.

Denne rusleturen er inspirert av foredraget i SLMT i mars, der Øyvind Steifetten fortalde meir overordna om fuglar, utvikling av bestand og kva utfordringar dei møter i våre dagar. På rusleturen i mai er det fuglar ved Norsjø vi skal sjå etter.

Ansvar: Margit Sudbø

Kjentmann og forteljar: Kjell Bitustøyl

OBS! Berre dei som har problem med å gå, kan køyre ned til vatnet, samkøyring blir derfor koordinert når vi er samla ved Årnes kafeteria.

Ta gjerne med kikkert dersom de har.  Vi brukar å ha ei kaffepause, og det er fint dersom de tek med niste.  Som oftast avsluttar vi før kl. 15.00.

Kontaktinformasjon