Måndag 30. september kl. 11.00 i Gullbring kulturhus
Versto tek føre seg boka si Streif langs Sogevegen, med særskilt fokus på kunsthistoria knytt til kunstnarkolonien på Nutheim i Flatdal i åra 1917–1957.
Ånond Versto (f. 1984) kjem frå Vinje, men bur og arbeider nå i Flatdal. Her kan du sjå den imponerande CVen til denne kunstnaren, som altså også er forfattar.
Om boka Streif langs Sogevegen heiter det:
I denne turguiden tek forfattarane oss med på ei reise gjennom Flatdal, Svartdal, Ambjørndalen og Hjartdal – eit område tettpakka med artsrike kulturlandskap, folkeminne og kunsthistorie. Du kan ta Sogevegen fatt til fots, eller du kan vandre han i tankane med denne boka – eller båe delar.
Billett i døra, pris: Kr 150,- for medlem, kr. 250,- for ikkje-medlem, prisen inkluderer enkel lunsj. Meir informasjon